Motorhobby

Våre samarbeidspartnere

Amcar
NMCU
LMK

VossaRudl'n. Granvin, mai/2024 - Køyretøy Historisk Klubb Voss

VossaRudl'n. Granvin, mai/2024 - Køyretøy Historisk Klubb Voss

May 25, 2024 @ 10:00

Gilde tidlegare VossaRudl'n-deltakarar! Påmelding er no opna for veteranvognløpet VossaRudl'n 2024. Dato for løpet er laurdag 25. mai 2024.

Påmeldingsfrist: 30.04.2024 11:00

Her er lenkja til påmelding. http://www.letsreg.com/no/event/norgeslopet_vossarudln_2024_25052024#init Informasjon mtp prisar og overnatting ser de på sida for påmelding. Meir orientering kjem etter kvart. Del gjerne!

Me ynskjer å nå flest mogleg og du har tidlegare vore påmeldt løpet, difor kjem denne e-posten til deg. Beklagar dersom du får denne e-posten fleire gonger. Kanskje du allereie har meldt deg på òg!

Venleg helsing Ruth Kristin T Trå sekretær Køyretøyhistorisk klubb, Voss

LAURDAG 25. MAI Laurdag er løpsdagen og VossaRudl’n 2024 vert gjennomført.

I år vert oppstilling og start i Granvin, og elles gjennomføring etter same lest som tidlegare. Me gjer merksam på at alle deltakarar skal innom alle oppgåvepostar, lunsj og fotopost for å fullføra løpet. Det er ikkje noko tidtaking for dette løpet, snarare tvert i mot.

Målgang ved løpshotellet Stalheim Hotel. Her avsluttar me med løpsfest, premieutdeling og middagsbuffet.

NB - bestilling av hotellrom gjer deltakaren sjølv etter at påmelding er gjennomført. Kvittering for påmelding innheld eit referansenummer som skal nyttast ved hotelrombestilling på Stalheim hotel.

SUNDAG 26. MAI Frukost. Guida tur ned Stalheimskleivi, med buss i retur. Pris kr 50,- per person. Meir informasjon kjem seinare.

Påmelding, prisar og betaling: Påmelding til løpet er elektronisk, via deltager.no

Deltakaravgifta er i år kr 600,- Dette inkluderer lunsj for sjåfør. Lunsj for passasjerar, kr 180,- per person, kjem i tillegg, sjå påmeldingsskjema.

Det er viktig at du les påmeldingsskjema og orientering godt og fyller ut korrekt informasjon. Køyretøy med årsmodell til og med 1994 kan delta. Maksimalt antal deltakande køyretøy er sett til 170.

Påmelding er bindande. Ingen refusjon ved avmelding.

Event information http://www.facebook.com/groups/569419263175912 Item Category Accomodation | Awards | Activity | Eatery | Automotive events | Rally | Vestland

We recommend: